Spøke med kjendiser/tegneseriefigurer?

av Moorten | 05.11.2011, 16:19 |

Jeg lurte på om noen har noen tips om hvor mye man kan spøke med kjendiser og andre tegneserie/film-figurer når jeg lager tegneserie.

Og nå snakker jeg ikke om personangrep og uthenging, men bare det å tegne dem og erte dem er jeg usikker på om det finnes noen grense for.

Jeg vet at Disney for eksempel er veldig streng når det gjelder "låning" av figurer som de har skapt. Noen innspill? :)

Del på Facebook | Del på Twitter

5 kommentarer

Knut R Knutsen skrev:

Reint bortsett ifrå at forlag som Disney går etter kopier og parodier uansett om dei bryt loven eller ikkje, så er her nokre ledetrådar:

Ikkje kødd med eit varemerke. Alt frå Mikke Mus si ansiktsform til diverse Logo og emblem (inkludert slike ting som supermannsymbolet) kan ikkje brukast avdi dei er varemerke. Du kan følgje alt anna av reglar for parodiar, men brukar du eit varemerke utan tillatelse, så er du kjørt.

Ikkje gjer ein parodi med andres karakterer som ein fast figur. Avgrens parodien til ein one-off. Du kan kanskje slippe unna med å teikne inn Pondus som ein gag i ei stripe, men brukar du han i 20 striper så eiger Frode Øverli deg.

Jo fjernare figuren er frå eigarens image, jo strengare vert det. I parodien "Mickey Mouse and the Air Pirates" valde undergrunnsteiknaren Dan O'Neill å vise eksplisitt sex mellom Mikke og Minni, samt tjallrøyking og litt diverse. Disney knuste han fullstendig.

Det er lov å "henspeile" på karakterar i parodiar. Ein kort parodi kan gjerne ha ein karakter som er nesten lik originalen. Med superheltar til dømes, er det standard å endre på emblemet på drakta deira og teikne inn ein slags gag istaden. Og det held for ein kort parodi.

Men det må vere naudsynt å bruke karakteren (dvs at ein parodierer sjølve karakteren eller noko essensielt ved den), bruken må vere avgrensa til parodiformålet og det må vere parodi eller ein eller anna slags "transformativ" bruk. Du kan ikkje ta Supermann inn i stripa for å parodiere han og så bruke sidevis på å skildre han i ei streit supermannhistorie. (Eller Donald i ei Donald-historie)

Produktet må ikkje marknadsførast på ein slik måte at det kan forvekslast med originalen.

Du kan ikkje "teikne av" eller på anna måte kopiere historier, teikningar, sidekomposisjoner etc. frå opphavsrettsbeskytta kjelder, utan at du gjer det til eit poeng i serien at dette skal gjenkjennast. Og sjølv då må elementer av historia eller teikningane vere "transformert" i bruken (dvs fått eit klart eige uttrykk separat frå originalen). Det er ofte vanleg å bruke ein annan tusje-teknikk. Parodier av Mikke og Donald er ofte betre med ein detaljrik "underground" teknikk. Dette for å skilje det frå originalen.

Disney figurer etc. har ofte "Model Sheets" som viser korleis ein figur skal teiknast (On Model). Viss teikningane dine er nesten heilt "On Model", slik som i "Air Pirates", så er du i trøbbel.

Jo fjernare karakterane er frå originalen i utsjånad og overfladiske trekk, jo nærare kan historiane vere til standard type manus for karakteren. Gjer du Donald om til ein Bjørn, til dømes, så kan du nesten fortejle heilt streite Donald historier. (Skjønt du ville blitt sett på som uoriginal viss du baserte ein lengre serie på ein liten ytre forskjell ).

Men det aller viktigaste med ein parodi er at den er nøydd til å vere morosam eller interessant. Jo betre den er, jo tryggare grunn er du på. Will Elder er kjend som ein av dei største parodi-teiknarane i amerikanske seriar, og han kunne kopiere dei fleste stilar prikkfritt. Hans parodier var ofte til forveksling lik originalen (til ein såg nærare etter og oppdage dei visuelle gagsene. ) Nokon gonger til og med betre enn originalen.

05.11.2011, 23:01:04

Dodo skrev:

Meh, bare bruk dem som du vil. Hvem faen bryr seg?

07.11.2011, 19:17:07

Moorten skrev:

Knut: Ja du har nok rett, men har jo likevel sett flere nintendo referanser for eksempel. Og i tegneserien "m" tegner han jo logoer til alle mulige slags ting som finnes fra før. Men det er kanskje en sjanse man er villig til å ta? :)

09.11.2011, 16:09:02

Knut R Knutsen skrev:

Det er lov å bruke logoer i bybildet etc, det er tillateleg bruk. Så lenge logoen er vist i bruk slik som det faktisk vert brukt. Problemet oppstår når logo vert knytta inn i historien.

Viss du har ein karakter som går på pub, drikker Hansa, Ringnes, Mack, Johnny Walker eller Absolut og vert dritings, så er det ikkje noko ein kan komme i trøbbel for. Viss du har ein karakter som går på McDonalds og får matforgiftning, så hadde det vore lurast om du hadde gitt den det falske namnet "McHaggis".

Når eg snakk om Logo og emblem, så tenker eg mest i forhold til teikneserier, og å nytte logo og slikt derifrå.

Der er avgrensingar i bruk av logo for Star Wars etc. slik Mads Eriksen gjer i M og. Det som han gjer er at han kommenterer populårkulturelle fenomen på ein satirisk måte, der det er han sjølv, som nerdete fan, som humoren går ut over. Legg merke til at han ikkje framstillar desse populærkulturelle fenomena på ein negativ måte som kan skade deira image eller komme i vegen for marknadsføringa.

Viss han derimot hadde køyrd på historier som hadde kunne gitt desse varemerka dårleg rykte, så hadde han fått smekk over fingrane med ein gong.

Det er mange webserier som bruker slike logoer og referanser til diverse copyrightede bilete som teknisk sett er langt inne på gråsoner innanfor lovgivinga. Dei store firmaene slår ikkje ned på sånt fordi dei ser på det som gratisreklame og dei støttar ofte opp om slike positive, og for dei marknadsfremjande tiltak. Alt frå fansider på webben til serier som M.

Men det er kun så lenge dei vert positivt framstilt. Som sagt så er det slik for dei store IPC'er (Intellectual Property Corporations) at kva lovverket faktisk er ikkje spelar så stor rolle for dei. Dei går etter ting som dei ikkje liker, fordi dei veit at det er ingen som har råd til langvarig rettstvist med dei.

Det du må spørje deg sjølv om er: er det viktig for deg å inkludere logoer, kjendiser, seriefigurer i teikningane/ historiane dine, og korleis vert dei framstilt? Om du har med ein Nintendo i stripa fordi nokon spelar Nintendo, så er det OK. Viss Nintendoen i serien vert besatt av ein demon og prøver å erobre verda, så ville eg ha kalt den noko anna.

09.11.2011, 16:44:47

Moorten skrev:

Ok, nå skjønner jeg hva du mener. Takk for svar :)

10.11.2011, 19:35:50

Logg inn

Skriv en kommentar

Ditt navn:

Din e-postadresse:

Din nettside:

Din kommentar: